Oppdatering 18.10.2022
Me satsa det me kunne også i 2022!
I vinter har det vore mange timar i garasjen, parallelt med arbeid for å sikre økonomi.
Norwegian Drift Championship 2022 (NM status)
NDC har livestream med førarprofilar, resultat og intervju. Kort sagt - god synlegheit!
Ambisjonen var plassering innan Top 3.
1.NM runde: 2.- 5. juni – Starmoen Motorsenter – NMK Elverum
Me endte på 10.plass i første nm runde. Ikkje heilt det me hadde håpa på. Gasswire hoppa av, me kom oss likevel vidare til Top 16. Ei lita feilberekning av førar gjorde til at me rauk ut før planlagt. Sånn e gamet. Me reiste heim og fekk ordna det tekniske, og nullstilte oss til neste løp.
2. NM runde: 25.-27. august – Lillesand Driftarena – Lillesand Motorsport
Denne runden kom rett etter me hadde vore i Tyskland og køyrt Iron Drift King. Det blei hektisk, men me rakk det. Her klinka me til med ein 3.plass. Me var uheldige og fekk girkasse problem i top 4, og måtte bryta. Her hadde me tru på at me kunne gå heilt til topps, men nei... Etter litt tid, var me var greitt fornøgd med ein 3. plass der.
3. NM runde: 29.sept.-1. okt. – Motorcenter Norway – Lillesand Motorsport
Me hadde skikkeleg tru på at dette skulle bli vår sesong. Me låg på 5.plass sammenlagt før siste og avgjerande løp, med kort veg opp til pallplass. Kvalifiseringa på fredag gjekk veldig bra, med 5.plass før finalen på laurdag. Køyringa gjekk veldig bra, men me måtte bryta i top 32, grunna girkasse problem. Ingen tvil om at det var ein stor nedtur. Sånn e dessverre motorsporten, ting kan skje uventa, og denne gangen var det vår tur.
Sammenlagt fekk me 8.plass av 40stk. Det var utanfor målet vårt som var 3.plass.
Iron Drift King - Ferropolis, Tyskland - 17. - 21. august 2022
Dette er eit heilt spesielt løp med plass til ca 60 deltakarar frå heile verda.
Her fekk me virkelig bryne oss på hard, internasjonal konkurranse. Førarar frå heile verda var med å kjempa om å bli "The King Of Iron". Her fekk me vist oss godt fram. Ein 6. plass totalt er me godt nøgd med! Ei rå oppleving, mykje gode tilbakemeldingar og noko som sjølsagt ga meirsmak til å køyra meir internasjonalt.
Toyota Road Show/ m Fredric Aasbø
Fredag 9. september fekk me ein veldig stor muligheit. Me fekk tilbringa ein dag med 3. ganger verdensmestar i drifting, Fredric Aasbø. Ilag med samarbeidspartnar Toyota Sogn, Toyota Roadshow og Fredric Aasbø i spissen, fekk eg vera med på autografsignering, konkurransar, og køyre ilag med verdensmestaren på eit drifteshow me laga. Dette er ein dag som aldri blir gløymt. Veldig spesielt å få oppleve dette på heimebane med so mange og gode supporterar.
Kaupanger Driftweekend 2022
Me deltok sjølsagt på Kaupanger Driftweekend i år og. Mange sjåførar frå heile landet kjem for å ha ei helg med mykje moro, action og med masse køyring. Her fekk me mykje køyretid. I den uoffisielle konkurransen "Sognasladden" på laurdag, klarte me å vinna. Veldig morro å få 1.plass på heimebane!!