Jørgen Tangen – mi historie
Del 1
22 år frå Kaupanger i Sogn. Her dyrkar eg lidenskapen min – Drifting.
Til dagleg jobbar eg som personleg serviceteknikar hjå Frydenbø Bilsenter i Sogndal. Her gjennomførte eg læretida og tok fagbrevet som bilmekanikar, lette køyretøy i 2018.
Alt starta med ein onkel (Kjetil Weaas) som har utøvd både rally og rallycross. Eg fekk vera tilskodar frå eg var 5 år gamal. Interessa vaks og eg vart stadig meir ivrig, og då eg fylte 11 år gjekk alle bursdagspengane til racingstol med ratt, pedalar og girstong. Her har det blitt mange timar med eit smil om munnen. Då eg var 12 fekk eg køyre bil sjølv på lukka bane. Slik fekk eg erfaring med å handtere bil i ung alder. Eg fekk prøve mykje sjølv, og når eg gjorde feil so var det berre å prøve på nytt. Dette danna grunnlaget for interessa og køyreferdigheitane eg har i dag.
Kaupanger Driftweekend vart arrangert for første gong i 2012, då var eg ein av tilskodarane. På dette arrangementet møtast mange av dei beste førarane i norsk drifting for å avslutte sesongen og ha ei sosial helg. Driftweekend gir eit stort show for publikum med presisjonskøyring og masse action. Etter den gang har eg drøymt om å kunne køyre saman med dei store utøvarane, men åra gjekk...
Endeleg, i oktober 2015 vart draumen verkeleg. Søndag kveld etter Driftweekend fekk eg aksept heime, og fem dagar seinare kjøpte eg min første driftebil. Eg hadde sett den på Driftweekend, og den stod i Aurland. Dette var ein høgrestyrt Nissan S13 med ein motor som yter i underkant av 300 hk.
Eg gløymer aldri første turen.. Det var på bana på Kaupanger helga etter Driftweekend. Smilet gjekk frå øyre til øyre, og eg jubla inni meg når eg drifta for første gong, på ekte. Familie og vener var tilstades, og var imponerte. Det betydde mykje for meg. Eg kjende at dette er noko eg verkeleg vil satse på.
Del 2
Sesongen 2016 var treningssesong på brukte dekk, mest i Kaupanger. Saman med kompisar reiste mi ilag på trening på bana og fekk masse god trening med bilen, noko som ga meirsmak.
Driftarane Alvin Lægreid og Kenneth Nornes, er mine to heltar frå Sogndal og Kaupanger. Begge har hevda seg godt i Noreg innan drifting i tillegg til nokre rundar internasjonalt. På slutten av 2016 fekk eg beskjed av Alvin og Kenneth at eg burde oppgradere til ein bil med meir effekt. Dermed kunne eg byrje å konkurrere i Noreg.
Eg og min gode kompis Brynjar Skahjem, som og har vore eit forbilde, reiste ilag å henta den nye bilen.Eg kjøpte ein Nissan Silvia PS13 med motor frå Toyota Supra, 2JZ som yter 550 hk .
Dette var noko heilt anna, med nesten to gonger effekten frå tidlegare. Januar 2017 bestemte eg meg for å være med å konkurrere i NM, klasse Pro 2. Det er nest høgaste klassen i Noreg. Eg var veldig spent, spesielt med tanke på at det var svært få moglegheiter til å trene før NM Pro 2 byrja.
Saman med to gode vener som har hjelpt meg sidan starten, Sindre Ness og Idar Hagen Turlid, reiste me til Kristiansand for å delta på første NM-runde. Det endte med at me debuterte med 2.plass, noko som var over all forventning! Det vart avisoppslag og eg fekk helsingar frå både motorsportmiljøet og lokalmiljøet. Det var totalt fire NM-rundar, og me enda med ein 2. plass samanlagt. Det var eg verkeleg fornøgd med! Dette hadde aldri gått utan teamet mitt, flinke folk i depoet er særs viktig.
Del 3
2018 var året med mykje motgang og problem, men i tredje runde i Skien tok me 1. plass! Eg lærte mykje av utfordringane denne sesongen.
To veker seinare var det klart for Kaupanger Driftweekend. Der møtte me opp i ekstase etter forrige løp, alt var på stell. Diverre enda dag 1 med at bilen velta på taket og det vart mykje skadar på bil. Heldigvis gjekk det bra med passasjer og sjåfør. På det punktet kjende eg at draumen vart borte på ein augneblink. Du kan trygt sei me var nedfor og rysta.
Dagen etter kjem Kenneth Nornes bort til meg; “Du skal køyra min bil!” Flott gjort – og eg var på offensiven att!
Med utruleg god hjelp frå vener, familie og andre i bilmiljøet vart bilen bygd oppatt iløpet av vinteren 2018/19.
Under bygginga i 2019 bestemte eg meg for å gå vidare til NM Pro-Drift, som er den høgaste klassen i Noreg.
Der klinka me til med pallplassering i alle fem rundar og 2. plass samanlagt, berre tre poeng bak 1. plass. Tangen Drifting var plutseleg blitt eit større namn i miljøet. Etter alle løp har det blitt avisoppslag om korleis løpshelgane har vore, resultat og neste steg.
I desember 2019 deltok eg på talentutviklingstrening organisert av Norges Bilsportforbund. Der var det fokus på mental trening, fysisk trening og køyreferdigheiter. Saman med toppidrettsutøvarar og andre innan motorsport vart dette ei svært lærerik helg. Laurdag kveld var det Bilsportgalla der eg fekk utdelt medalje for 2. plass i NM.
Målet mitt er å konkurrere internasjonalt og skape ei framtid innan drifting. Eg set enormt stor pris på alt av støtte og positivt samarbeid, og er villig til å ofre mykje for denne draumen.